Hopp til hovudinnhald

Kodelister og korleis bruke dei

For fleire av eigenskapane i standarden DCAT-AP-NO må du peike til ein kode frå eit kontrollert vokabular. For eksempel må du velje ein kode frå EU sitt vokabular Data Theme når du skal angi tema for eit datasett med eigenskapen dcat:theme. Kodane er organiserte i lister eller hierarkiske strukturar, og er namngitte med ein URI som ein kvar annan RDF-ressurs.

Tips: For hver egenskap oppgir standarden kva kontrollerte vokabular som skal, bør og kan brukes.

Korleis angi tema

Datasett og Datateneste bruker eigenskapen dcat:theme for å angi eitt eller fleire tema som er relevante for datasettet.

For datasett skal ein angi ein kode frå eit av EU sine vokabular Data Theme. Ein bør også angi kode frå Los. I tillegg kan du bruke kodar frå andre vokabularer som EuroVoc frå EU, men dette er valfritt.

Merk: I eksempla under viser vi berre bruk av kodar frå eitt vokabular om gongen, men du kan sjølvsagt bruke kodar frå fleire vokabular samtidig.

Data Theme

Informasjon om DataThemeOversikt over alle kodaneURI du skal bruke i beskrivinga di
Gå til op.europa.euGå til op.europa.euhttp://publications.europa.eu/resource/authority/data-theme/XXXX

Dette er ei relativt lita kodeliste som inneheld nokre svært generelle tema.

Døme på kodar frå Data Theme

KodeForklaringURI til bruk i beskriving
ECONØkonomi og finanshttp://publications.europa.eu/resource/authority/data-theme/ECON
EDUCUtdanning, kultur og sporthttp://publications.europa.eu/resource/authority/data-theme/EDUC
TECHVitskap og teknologihttp://publications.europa.eu/resource/authority/data-theme/TECH

Døme på bruk

@prefix dcat: <http://www.w3.org/ns/dcat#> . # Eit datasett som handlar om økonomi og finans <https://example.org/datasett1> a dcat:Dataset ; dcat:theme <http://publications.europa.eu/resource/authority/data-theme/ECON> . # Eit datasett som handlar om utdanning <https://example.org/datasett2> a dcat:Dataset ; dcat:theme <http://publications.europa.eu/resource/authority/data-theme/EDUC> . # Eit datasett som handlar om utdanning i tillegg til teknologi <https://example.org/datasett3> a dcat:Dataset ; dcat:theme <http://publications.europa.eu/resource/authority/data-theme/EDUC> , <http://publications.europa.eu/resource/authority/data-theme/TECH> .

Los

Los er eit felles vokabular som er temainndelt for å kategorisere og beskrive offentlege tenester og ressursar.

Informasjon om LosOversikt over alle kodaneURI du skal bruke i beskrivinga di
DokumentasjonGå til psi.norge.nohttps://psi.norge.no/los/tema/XXXX
https://psi.norge.no/los/ord/XXXX

Døme på kodar frå Los

KodeForklaringURI til bruk i beskriving
Naturforvaltning-https://psi.norge.no/los/tema/naturforvaltning
Inkluderande arbeidsliv-https://psi.norge.no/los/ord/inkluderende-arbeidsliv
Skatt-https://psi.norge.no/los/tema/skatt
Veg og vegregulering-https://psi.norge.no/los/tema/veg-og-vegregulering

Døme på bruk

@prefix dcat: <http://www.w3.org/ns/dcat#> . # Eit datasett som har med skatt å gjere <https://example.org/datasett1> a dcat:Dataset ; dcat:theme <https://psi.norge.no/los/tema/skatt> .

EuroVoc

EuroVoc er ein stor tesaurus (hierarki) med svært mange kodar organisert i ein hierarkisk struktur.

Informasjon om EuroVocOversikt over alle kodaneURI du skal bruke i beskrivinga di
Gå til op.europa.euGå til op.europa.euhttp://eurovoc.europa.eu/XXXX

Døme på kodar frå EuroVoc

KodeForklaringURI til bruk i beskriving
4522Sjøtransporthttp://eurovoc.europa.eu/4522
2312Energiforsyninghttp://eurovoc.europa.eu/2312
854Likeverdigheit av diplomhttp://eurovoc.europa.eu/854
c_61b6fae1Bystatistikkhttp://eurovoc.europa.eu/c_61b6fae1

Døme på bruk

@prefix dcat: <http://www.w3.org/ns/dcat#> . # Datasett som handlar om djupvassfiske <https://example.org/datasett1> a dcat:Dataset ; dcat:theme <http://eurovoc.europa.eu/2306> .

For informasjon om koden "deep-sea fishing" sjå denne sida (op.europa.eu).

Korleis angi dekningsområde

Vi bruker eigenskapen dct:spatial for å angi eit dekningsområde, altså eit geografisk område datasettet dekkjer. Dersom verdien finst i eit av EU sine vokabular, skal desse brukast, dersom ikkje, skal ein bruke verdiar frå GeoNames.

EU sine vokabular

Informasjon om vokabularetOversikt over alle kodaneURI du skal bruke i beskrivinga di
Kontinent (op.europa.eu)Kontinent (op.europa.eu)http://publications.europa.eu/resource/authority/continent/XXXX
Land og territorium (op.europa.eu)Land og territorium (op.europa.eu)http://publications.europa.eu/resource/authority/country/XXX
Stader (op.europa.eu)Stader (op.europa.eu)http://publications.europa.eu/resource/authority/place/XXXX

Døme på bruk

@prefix dcat: <http://www.w3.org/ns/dcat#> . @prefix dct: <http://purl.org/dc/terms/> . # Eit datasett som har Europa som dekningsområde <https://example.org/datasett1> a dcat:Dataset ; dct:spatial <http://publications.europa.eu/resource/authority/continent/EUROPE> . # Eit datasett som har Noreg som dekningsområde <https://example.org/datasett2> a dcat:Dataset ; dct:spatial <http://publications.europa.eu/resource/authority/country/NOR> . # Eit datasett som har staden Tromsø som dekningsområde <https://example.org/datasett3> a dcat:Dataset ; dct:spatial <http://publications.europa.eu/resource/authority/place/NOR_TOS> .

GeoNames

Informasjon om GeoNamesURI du skal bruke i beskrivinga di
https://www.geonames.org/https://www.geonames.org/XXXX

Døme på bruk

@prefix dcat: <http://www.w3.org/ns/dcat#> . @prefix dct: <http://purl.org/dc/terms/> . # Eit datasett som har Brønnøysund som dekningsområde <https://example.org/datasett1> a dcat:Dataset ; dct:spatial <https://www.geonames.org/3159954> . # Eit datasett som har Jotunheimen og Rondane nasjonalpark som dekningsområde <https://example.org/datasett2> a dcat:Dataset ; dct:spatial <https://www.geonames.org/3150707> , <https://www.geonames.org/3141389> .

Korleis angi lisens

Vi bruker eigenskapen dct:license for å angi kva lisens som gjeld for ein katalog, eit datasett, ei datateneste eller ein distribusjon. Verdien skal veljast frå EU sitt kontrollerte vokabular License.

Informasjon om LicenseOversikt over alle kodaneURI du skal bruke i beskrivinga di
Gå til op.europa.euGå til op.europa.euhttp://publications.europa.eu/resource/authority/licence/XXXX

Døme på kodar frå License

KodeForklaringURI til bruk i beskriving
CC0Creative Commons CC0 1.0 Universalhttp://publications.europa.eu/resource/authority/licence/CC0
CC_BY_4_0Creative Commons Attribution 4.0 Internationalhttp://publications.europa.eu/resource/authority/licence/CC_BY_4_0
CC_BYND_4_0Creative Commons Attribution–NoDerivs 4.0 Internationalhttp://publications.europa.eu/resource/authority/licence/CC_BYND_4_0

Døme på bruk

@prefix dcat: <http://www.w3.org/ns/dcat#> . @prefix dct: <http://purl.org/dc/terms/> . # Eit datasett med CC0-lisens <https://example.org/datasett1> a dcat:Dataset ; dct:license <http://publications.europa.eu/resource/authority/licence/CC0> .

Korleis angi format

Vi bruker eigenskapen dct:format for å angi kva format ei datateneste eller ein distribusjon tilbyr. Verdien skal veljast frå EU sine kontrollerte vokabular File Type.

Informasjon om File typeOversikt over alle kodaneURI du skal bruke i beskrivinga di
Gå til op.europa.euGå til op.europa.euhttp://publications.europa.eu/resource/authority/file-type/XXXX

Døme på kodar frå File type

KodeURI til bruk i beskriving
JSONhttp://publications.europa.eu/resource/authority/file-type/JSON
XMLhttp://publications.europa.eu/resource/authority/file-type/XML
CSVhttp://publications.europa.eu/resource/authority/file-type/CSV
YAMLhttp://publications.europa.eu/resource/authority/file-type/YAML
TXThttp://publications.europa.eu/resource/authority/file-type/TXT
PDFhttp://publications.europa.eu/resource/authority/file-type/PDF

Døme på bruk

Med distribusjon:

@prefix dcat: <http://www.w3.org/ns/dcat#> . @prefix dct: <http://purl.org/dc/terms/> . # Eit datasett som distribueres i et CSV-format <https://example.org/datasett1> a dcat:Dataset ; dcat:distribution <https://example.org/distribution1> . <https://example.org/distribution1> a dcat:Distribution ; dct:format <http://publications.europa.eu/resource/authority/file-type/CSV> .

Med datateneste:

@prefix dcat: <http://www.w3.org/ns/dcat#> . @prefix dct: <http://purl.org/dc/terms/> . # Eit datasett gjort tilgjengeleg med et API som tilbyr JSON <https://example.org/datasett1> a dcat:Dataset . <https://example.org/dataservice1> a dcat:DataService ; dcat:servesDataset <https://example.org/datasett1> ; dct:format <http://publications.europa.eu/resource/authority/file-type/JSON> .

Korleis angi språk

Vi bruker eigenskapen dct:language for å angi kva språk datasettet er på. Verdien skal veljast frå EU sitt kontrollerte vokabular Language.

Informasjon om LanguageOversikt over alle kodaneURI du skal bruke i beskrivinga di
Gå til op.europa.euGå til op.europa.euhttp://publications.europa.eu/resource/authority/language/XXXX

Døme på kodar frå Language

KodeForklaringURI til bruk i beskriving
NNONynorskhttp://publications.europa.eu/resource/authority/language/NNO
NBOBokmålhttp://publications.europa.eu/resource/authority/language/NOB
NORNorskhttp://publications.europa.eu/resource/authority/language/NOR
SMISamiskhttp://publications.europa.eu/resource/authority/language/SMI
SMENordsamiskhttp://publications.europa.eu/resource/authority/language/SME
SMJLulesamiskhttp://publications.europa.eu/resource/authority/language/SMJ
SMASørsamiskhttp://publications.europa.eu/resource/authority/language/SMA
FKVKvenskhttp://publications.europa.eu/resource/authority/language/FKV
ENGEngelskhttp://publications.europa.eu/resource/authority/language/ENG

Døme på bruk

@prefix dcat: <http://www.w3.org/ns/dcat#> . @prefix dct: <http://purl.org/dc/terms/> . # Eit datasett som er tilgjengeleg på bokmål, nynorsk og nordsamisk <https://example.org/datasett1> a dcat:Dataset ; dct:language <http://publications.europa.eu/resource/authority/language/NOB> , <http://publications.europa.eu/resource/authority/language/NNO> , <http://publications.europa.eu/resource/authority/language/SME> . # Eit datasett som er tilgjengeleg på engelsk <https://example.org/datasett2> a dcat:Dataset ; dct:language <http://publications.europa.eu/resource/authority/language/ENG> .