Kom i gang: lage og publisere beskrivingar
I denne guiden vil du lære
- om kva tilgongar du treng,
- korleis lage beskrivingar, og
- korleis publisere beskrivingane til data.norge.no, og
Det er to måtar du kan lage og publisere dataskrivingar:
- Du lagar beskrivinga i korrekt format sjølv og registrerer eit haustendepunkt data.norge.no kan hauste beskrivinga frå.
- Du brukar Data.norge.no si registreringsløysing for å registrere og publisere beskrivingar.
Forarbeid: Rammeverk for informasjonsforvaltning og Orden i eige hus
Uavhengig av kva metode du vel bør verksemda få oversikt over kva data ho sit på. Digdir har laga ein eigen rettleiar, Orden i eige hus, for korleis få til dette.
Lag og publiser gjerne beskrivingar til Data.norge.no gradvis, samtidig som de held på med Orden i eige hus-arbeidet. De treng ikkje å ha oversikt over all dataen eller fullføre alle stega i rettleiaren før de publiserer beskrivingane.
Tilgongar og bruksvilkår
Før du kan registrere beskrivingar eller registrere eit endepunkt data.norge.no skal hauste frå:
- må du logge inn med ID-porten (sikkerheitsnivå 3),
- må du ha rett rettigheit eller rolle i Altinn, og
- må verksemda ha godkjent bruksvilkåra. Dette vert gjort første gong verksemda tek løysinga i bruk.
1. Hauste frå eige endepunkt
Om du ønskjer å forvalte beskrivingane sjølv, må du lage dei og gjere dei tilgjengelege.
Neste steg i rettleiinga viser korleis du lagar beskrivingar.
Lenger frame i rettleiinga får du informasjon om Korleis registrere endepunkt for hausting
2. Registreringsløysinga på data.norge.no
Data.norge.no tilbyr ei skjemaløysing for å lage beskrivingar av datasett, datatenester, omgrep og tenester. Informasjonsmodellar og hendingar kan førebels ikkje bli beskrive i denne løysinga.
Når bør du velje kva framgangsmåte?
Det finst ikkje eit endeleg svar på dette, men vi kan gi nokre grunnar til å velje det eine framfor det andre. De kan òg velje ulike løysingar for ulike ressurstypar de skal beskrive.
Grunnar til å lage og forvalte beskrivingane sjølv:
- Beskrivinga kan forvaltast nærare der sjølve dataen finst, noko som senkar terskelen for å halde ho oppdatert og korrekt.
- Verksemda er stor og forvaltninga av beskrivingane er delegert til fleire enkeltteam eller enkeltpersonar.
- Generering av beskrivingane er del av eit automatisert løp.
- Det er mange som gjer hyppige endringar på beskrivingane.
- Beskrivingane skal gjerast tilgjengelege for fleire og ikkje berre publiserast til Data.norge.no.
- De treng å bruke felt i spesifikasjonane som ikkje er støtta i registreringsløysinga.
Grunnar til å velje registreringsløysinga:
- Verksemda er lita og har lite data.
- Verksemda har ikkje høve til å setje opp eit endepunkt Data.norge.no kan hauste frå.
- Dei ansvarlege i verksemda ønskjer ein lågterskel måte å lage beskrivingar utan å setje seg inn i RDF.
- De treng ikkje å beskrive fleire felt enn dei som er støtta i registreringsløysinga.