Behandlingsoversikt
Behandlingsoversikt er ei løysing der offentlege verksemder kan registrere protokollen til behandlingsansvarleg i samsvar med Personopplysningslova (GDPR).
Løysinga gir høve til å registrere kontaktopplysningar for Behandlingsansvarleg og Personvernombod, samt oppfyller dei andre krava til kva som skal registrerast i samsvar med artikkel 30 «Protokollar over behandlingsaktivitetar» i Personopplysningslova. Ein kan òg registrere andre tema som kan vere nyttige å ha i samband med behandlingsaktivitetar, til dømes informasjon omtalt i artikkel 6 «Lovleg grunnlag for behandling» og artikkel 9 «Behandling av særlege kategoriar av personopplysningar». Datatilsynet sin «Mal for behandlingsansvarleg si protokoll» vart brukt som utgangspunkt då løysinga blei utvikla. I tillegg har vi lagt til moglegheiter i Behandlingsoversikt for å kople behandlingsaktivitetar til verksemda sine datasettbeskrivingar i Felles datakatalog (valfritt felt).
Behandlingsoversikt er ein del av registreringsløysinga til Felles datakatalog.
Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) har bestemt å leggje ned løysinga frå 31.03.2025.