Kom i gang: publisere beskrivingar
Har du brukt registreringsløysinga til å lage beskrivingar, og publisert dei derifrå, blir katalogen automatisk lagt til for hausting. Ønskjer du å starte ei hausting av beskrivingane dine manuelt, kan du lese om korleis starte hausting eller gå direkte til administrasjonsgrensesnittet for hausting.
Setje opp hausting: Registrere hausteendepunkt
Før du kan setje opp hausting av ein ny katalog:
- Hausteendepunktet som tenar beskrivingane må vere tilgjengeleg på nettet (eventuelt sikra med ein API-nøkkel).
- Dataen som blir returnert må vere i eit av formata Data.norge.no støttar.
- Dataen må vere beskriven i samsvar med den aktuelle spesifikasjonen. Les meir om korleis lage beskrivingar.
- Du må ha dei nødvendige tilgangane for å bruke løysinga. Les meir om korleis få tilgang.
Forvaltar du beskrivingane sjølv og vil publisere til Data.norge.no, må du setje opp hausting i administrasjonsgrensesnittet. Slik gjer du det:
Steg 1: Logg inn
Logg inn i admin-grensesnittet for hausting
Steg 2: legg til datakjelde
Klikk på knappen «Legg til datakjelde».
Valgfritt neste steg: manuelt starte ei hausting
Når du har registrert kjelda vil data.norge.no høste regelmessig frå den. Vil du starte ein høsting sjølv, kan du lese meir om det på sida Korleis manuelt starte ein høsting.