Hopp til hovudinnhald

Kom i gang med hausting

Har du eigen datakatalog, og ønskjer å dele informasjonen på data.norge.no? I Felles datakatalog si administrasjonsløysing for hausteendepunkt kan verksemder registrere hausteendepunkta til katalogane sine.

Administrasjonsløysing for hausteendepunkt

For verksemder som har eigne katalogar og ønskjer å forvalte desse lokalt hos seg, er det framleis lurt å dele dataa. Vi i Digitaliseringsdirektoratet ønskjer å arbeide for "ONCE ONLY"-prinsippet og oppmodar alle offentlege verksemder til å dele data.

Logg deg inn i administrasjonsløysinga for hausteendepunkt

For augeblikket støttar vi hausting av skildringar av datasett, datatenester og datakatalogar på standarden DCAT-AP-NO, omgrepsskildringar på standarden SKOS-AP-NO-Begrep, informasjonsmodellskildringar på spesifikasjonen ModellDCAT-AP-NO og skildringar av tenester og hendingar på spesifikasjonen CPSV-AP-NO.

Sjå meir om standardane her:

  • Standard for skildringar av datasett, datatenester og datakatalogar: DCAT-AP-NO
  • Standard for skildringar av omgrep: SKOS-AP-NO-Begrep
  • Spesifikasjon for skildringar av informasjonsmodellar: ModellDCAT-AP-NO
  • Spesifikasjon for skildringar av tenester og hendingar: CPSV-AP-NO

Merk: Du må ha dei rette tilgangane og rettane for å kunne registrere datakjelde på vegner av verksemda. Les meir om korleis du kjem i gang med registrering.

1) Legg til datakjelde

Klikk på knappen «Legg til datakilde» for å legge til ei ny datakjelde for verksemda di.

Administrasjonsløysinga som viser liste over datakjelder og knapp som seier "Legg til datakilde"

2) Fyll ut skjemaet

Fyll ut felta «Utgiver», «Katalog», «Datakildetype», «Format», «Navn på datakilde» og «URL til datakilde».

Skjema med knapp som seier "Lagre"

Klikk på knappen «Lagre». Den nye datakjelda skal no visast i administrasjonsløysinga.

3) Klikk på knappen «Høst»

Oppføring for ei datakjelde med knappen "Høst"

Det blir vist ei melding om at hausteførespurnaden er sendt.

Melding om at hausteførespurnaden er sendt

Det kan ta noko tid, avhengig av kor stor katalog du har, før resultatet blir publisert på data.norge.no.

Takk for at du deler data!