Finne data
Data.norge.no gir ei omfattande oversikt over datasett, omgrep, API-ar, informasjonsmodellar, tenester og hendingar i offentleg sektor, inkludert data med juridiske avgrensingar som teieplikt eller personopplysningar. Hensikta med denne oversikta er å gjere det lettare for deg å finne, forstå og ta i bruk data frå offentleg sektor. For å finne fram blant alle beskrivingane, tilbyr Data.norge.no ulike måtar å søkje på. Om du ikkje finn dataene du leitar etter, kan du registrere ein etterspurnad.
Søk etter data
Data.norge.no tilbyr fleire måtar å søkje etter data på: Standard tekstsøk med filtrering, kunstig intelligens-søk og SPARQL-spørjing.
Standard søk med filter
Eit tekstsøk med moglegheiter for filtrering som let deg søkje etter titlar, beskrivingar og søkjeord i databeskivingane.
Les meir om standard søk | Gå til standard søk
Søk med kunstig intelligens
Med KI-søket kan du stille spørsmål i naturleg språk og få resultat frå Data.norge.no basert på det. Dette er ideelt når du ikkje veit nøyaktig kva du leitar etter eller ønskjer å utforske data på ein meir intuitiv måte.
Les meir om KI-søk | Prøv KI-søket
SPARQL-spørjing
SPARQL-tjenesten er det kraftigaste og mest fleksible verktøyet for å søkje i katalogen. Dette er eit verktøy der du kan utføre dine eigne spørjingar i SPARQL på RDF-grafane til Data.norge.no.
Les meir om SPARQL | SPARQL-sandkasse
Hente ressursar
Hente ressursar
Om du allereie veit kva ressurs du treng, kan du hente han direkte frå Data.norge.no utan å søkje. Dette er nyttig når du har ein ID eller URI til ein spesifikk ressurs, til dømes eit datasett, eit omgrep, ei datateneste, ein informasjonsmodell, ei teneste eller ei hending.
Du kan lese meir om å finne og vurdere data på Digitaliseringsdirektoratet sine sider.
Kven har ansvar for kva på Data.norge.no
Datatilbydarane
Verksemdene som eig dataene som er skildra på Data.norge.no har ansvar for sjølve innhaldet i beskrivingane og for at dataene du får tilgang til stemmer overeins med beskrivingane.
Om du finn noko feil med beskrivingane eller tilgangen til dataene, kan du kontakte verksemda som eig beskrivinga direkte. Kontaktinformasjon vil som regel vere knytt til beskrivinga. Om du er logga inn i Datalandsbyen, kan du òg legge igjen ein kommentar på sjølve beskrivinga på Data.norge.no. Denne kommentaren vil visast både på Data.norge.no og i Datalandsbyen. Slike kommentarar og påfølgjande diskusjon kan vere nyttig for andre brukarar som treng dei same dataene som deg.
Digitaliseringsdirektoratet
Digitaliseringsdirektoratet har ansvar for informasjon om når beskrivingar vart publiserte på Data.norge.no, metadatakvalitet, Datajegeren, KI-oversikt, informasjonssider og at dei tekniske løysingane på Data.norge.no og Datalandsbyen fungerer som dei skal. Digitaliseringsdirektoratet følgjer òg opp kommentarar i Datalandsbyen og purrar på verksemder som ikkje svarar på kommentarar knytt til beskrivingar i katalogen.