Hopp til hovudinnhald

Standard søk med filter

På data.norge.no/search-all finn du eit tekstsøk med moglegheiter for filtrering. Dette er den mest brukarvenlege søkjemåten for å finne data på Data.norge.no.

Korleis søkje

Her kan du søkje etter titlar, beskrivingar og søkjeord i databeskivingane. Søket vil automatisk søkje i alle tre felt samtidig, og resultata vil bli vekta slik at treff i tittel prioriterast høgast.

Filtrering

For å avgrense søket ditt, kan du bruke ulike filter. Kva filter som blir tilbydd avheng av ressursstype. Du vel ressursstype ved å bruke fanene under søkjefeltet. Døme på filter inkluderer:

  • Datatema: Filtrer på kva tema dataa tilhøyrer (t.d. miljø, helse, transport)
  • Tilgangsrettar: Filtrer på om dataa er offentlege eller avgrensa
  • Format: Filtrer på datatype (t.d. JSON, CSV, XML)
  • Opne data: Filtrer på om dataa er klassifisert som opne data
  • Organisasjon: Filtrer på kva organisasjon som eig dataa

Sortering

Resultatet kan sorterast etter relevans eller publiseringsdato. Som standard sorterast resultata etter relevans, der treff som passar søket ditt best vert viste først.

Les meir om søkjeendepunktet | Gå til standard søk