Vurdering av metadatakvalitet
Kva betyr metadatakvaliteten
Data.norge.no har fire ulike nivå for metadatakvalitet:
| Nivå | Grunngjeving |
|---|---|
| Fremifrå | Dette er bra saker! 75 % eller fleire av kvalitetskriteria er oppfylte. Skildringa er informativ og gjev stor nytteverdi for brukaren, noko som bør vere målet for alle skildringar. |
| God | 50-75 % av kvalitetskriteria er oppfylte. |
| Tilstrekkeleg | Berre 25-50 % av kvalitetskriteria er oppfylte, og skildringa bør absolutt forbetrast. |
| Dårleg | 25 % eller færre av kvalitetskriteria er oppfylte. Skildringa er mangelfull og dekkjer sjeldan det nødvendige. |
Kvifor måler vi metadatakvalitet
Vi ønskjer å hjelpe dataeigarar med å forbetre beskrivinga av eit datasett. Ved å måle metadatakvaliteten kan vi sjå kva eigenskapar ved ei datasettbeskriving som har forbetringspotensial. For å oppnå målet om "Once Only"-prinsippet, der deling av data er i fokus, er det viktig med god dokumentasjon av datasettbeskrivinga.
Noreg blir også målt mot andre europeiske datakatalogar, der eit av kriteriane er måling av metadatakvaliteten.
Korleis måler vi metadatakvalitet
Utrekning av metadatakvalitet baserer seg på ei rekke kriterium som er delt inn i ulike kategoriar i samsvar med FAIR-prinsippa.
Vi har også sett til European Data Portal sin metode for å vurdere metadatakvalitet.