Hopp til hovudinnhald

Datalandsbyen

Datalandsbyen er eit nettforum knytt til temaene datadeling og informasjonsforvaltning.

Her møter du andre som jobber med data og datadeling, både i offentleg og privat sektor. Datalandsbyen er ein stad for å dele erfaringar, stille spørsmål og få hjelp til å finne data.

Ta i bruk

Alle kan lese innlegg i Datalandsbyen. Dersom du vil skrive innlegg, må du lage ein brukarkonto. Dette gjer ein enkelt ved å følgje stega under.

  1. Gå til Datalandsbyen.norge.no
  2. Klikk på Logg inn øvst til høgre
  3. Velg Registrer deg og følg instruksjonane dersom du ikkje allerede har ein brukarkonto du har brukt i andre Digdir-tenester som for eksempel Samarbeidsportalen.
  4. Godkjenn samtykke og brukervilkår for nettforumet

Første innlegg som vert publisert av ein ny bruker må godkjennast av ein administrator før det vert synleg for andre.

Med ein brukarkonto kan du:

  • Skrive og svare på innlegg
  • Stemme opp innlegg
  • Abonnere på diskusjonstrådar for å få varsel på e-post om nye innlegg
  • Velje å få e-post med sammendrag av nyleg aktivitet på forumet

Tips til bruk

Etterspørre data

Om du vil ha hjelp til å finne data, eller be om at data vert publisert, kan du skrive eit innlegg i kategorien «Etterspør datasett og API-er». Vi følgjer opp og kontaktar aktuelle datatilbydarar og andre i vårt nettverk for å hjelpe deg. Kanskje andre i Datalandsbyen òg har tips til deg?

Tips til å skrive innlegg om etterspørsel etter data.

Spørsmål eller kommentarar på datasett

Dersom du har spørsmål eller kommentarar til eit datasett som er beskrive i data.norge.no kan du stille spørsmålet i Datalandsbyen. Vi vil då gje beskjed til dataeigar om at det er kome eit innlegg dei bør svare på.

Sjekk om det er ein eksisterande diskusjonstråd om datasettet du lurer på, eller opprett en ny tråd i kategorien «Kommentartråder». Eksisterande diskusjonstrådar som lenker til datasettet finn du òg på datasettet si side i data.norge.no, under fana «Diskusjoner».

Gode eksempel på bruk av data

I kategorien «Gode eksempler på bruk» finn du eksempel på korleis andre har brukt data, enten det er til å lage ein app, teneste, visualisering eller anna.

Vil du dele at du har laga noko med data? Legg gjerne ut eit innlegg i denne kategorien.

Tips for å skrive innlegg om eksempel.

Tilbakemeldinger på data.norge.no

Dersom du har tilbakemeldingar eller spørsmål til data.norge.no kan du skrive eit innlegg i kategorien «Tilbakemeldinger og nyheter».

Anna

I Datalandsbyen er det òg kategorier for møter og arrangementer, spørsmål om juss, kunstig intelligens, informasjonsmodellering og meir. Besøk Datalandsbyen for å sjå alle kategorier.

Spørsmål om Datalandsbyen?

Kontakt oss på datalandsbyen@norge.no