Hopp til hovudinnhald

Lage beskrivingaer i Registreringsløysinga

Data.norge.no si registreringsløysing er ei skjemaløysing som lar deg fylle ut relevante felt og som genererer beskrivingar i korrekt format. Når du publiserer beskrivingane frå løysinga, blir det automatisk sett opp hausting slik at dei blir vist på Data.norge.no.

Registreringsløysinga kan brukast for å lage beskrivingar av datasett, datatenester, omgrep og tenester. Ho kan førebels ikkje brukast for å beskrive informasjonsmodellar og hendingar.

Før du begynner:

Du må

  • vere logga inn i registreringsløysinga via ID-porten, og
  • ha dei riktige tilgangane (minimum «Felles datakatalog - alle katalogar - skrivetilgang»).

Mer informasjon om tilganger og innlogging

1. Beskrive

Gå inn i katalogen for den ressursen du ønskjer å beskrive. Kvar verksemd har éin katalog per type, og ein katalog inneheld fleire beskrivingar.

Opprett ei ny beskriving, og fyll ut felta du ønskjer. Nokre av felta er obligatoriske og må fyllast ut.

Registreringsløysinga på Data.norge.no genererer RDF-grafar/beskrivingar i tråd med spesifikasjonen, men løysinga støttar ikkje alle felta som finst i spesifikasjonane. Er det nokre felt du treng å bruke som ikkje er støtta, kan du vurdere å forvalte beskrivinga sjølv og setje opp hausting til Data.norge.no.

Gå til rettleiing for korleis lage beskrivingar sjølv om du vil laga og forvalte beskrivingane sjølv.

2. Publisere

Du kan velje om du vil publisere beskrivinga til Data.norge.no, eller behalde ho som eit utkast for vidare arbeid. Publiserte endringar blir henta ca. éin gong i timen til Data.norge.no.

Valgfritt neste steg: manuelt starte ei hausting

Når du har brukt registreringsløysinga blir beskrivinga di automatisk lagt til som kjelde som data.norge.no høster regelmessig frå. Vil du starte ein høsting sjølv, kan du lese meir om det på sida Korleis manuelt starte ein høsting.