Hopp til hovudinnhald

Kom i gang: Lage beskrivingar sjølv

På denne sida lærer du korleis lage beskrivingar du forvaltar sjølv, slik at dei kan publiserast til Data.norge.no. I neste steg må du setje opp hausting i hausteløysinga til Data.norge.no for å publisere beskrivingane.

Korleis lage RDF-grafar

Vi anbefaler at du brukar veiledinga vår som gjennom eksempel viser korleis du lagar ei datasettbeskriving frå A-Å.

I tillegg kan du bruke desse rettleiingane for å lære meir om RDF og korleis lage datasettbeskrivingar:

Beskrivingane som blir laga, må vere i eit RDF-format og i tråd med spesifikasjonen for ressursen som blir beskriven.

Beskrivingane du lagar, må vere i eit RDF-format som blir støtta av Data.norge.no:

For dei andre ressursane (omgrep, informasjonsmodellar, tenester og hendingar) finst det døme på beskrivingar på Data.norge.no sitt "Showroom". Ein kan òg støtte seg på den aktuelle spesifikasjonen og døma i den. Dei fleste av døma er skrivne i RDF-formatet kalla Turtle, og har overføringsverdi til dei andre ressurstypane.

Sjå Fleire relevante ressursar for meir informasjon om dei ulike spesifikasjonane Data.norge.no baserer seg på.

Forvaltar du beskrivinga sjølv og set opp hausting, vil hausteløysinga hauste og ta vare på alle data i beskrivinga. Felt som førebels ikkje er støtta vil bli vist etter kvart som Data.norge.no legg til støtte for visning av felta.

Viktig å tenkje på med URI-ar og ved namngjeving av ressursar

Ressursar som blir beskrive i RDF blir namngjevne ved hjelp av ein unik, global identifikator, ein såkalla URI ("Uniform Resource Identifier"). URI-ar skal vere unike og varige, og ideelt sett peike til ressursar som faktisk er tilgjengelege på nettet. Meir informasjon om utforming av URI-ar finn du her:

Validering av beskrivingar

Når du har laga ei beskriving, kan du validere ho med Data.norge.no sin validator, som gir beskjed om eventuelle feil og manglar.

Du kan publisere ei beskriving som har korrekt syntaks men innhaldsmessige manglar i tråd med spesifikasjonen. Ho vil berre bli vist som mangelfull på nettsidene til Data.norge.no. Inneheld derimot beskrivinga/RDF-grafen syntaktiske feil, vil haustinga mislykkast og beskrivinga vil ikkje bli vist på Data.norge.no.

Resultat

Til slutt skal du ha ei beskriving som ser ut som noko som liknar dette:

@prefix rdf: <http://www.w3.org/1999/02/22-rdf-syntax-ns#> . @prefix foaf: <http://xmlns.com/foaf/0.1/> . @prefix dcat: <http://www.w3.org/ns/dcat#> . @prefix dct: <http://purl.org/dc/terms/> . @prefix prov: <http://www.w3.org/ns/prov#> . @prefix vcard: <http://www.w3.org/2006/vcard/ns#> . <https://data.digdir.no/catalog/1> a dcat:Catalog ; dcat:dataset <https://data.digdir.no/datasets/ai_projects_norwegian_state_dataset> ; . <https://data.digdir.no/datasets/ai_projects_norwegian_state_dataset> a dcat:Dataset ; dct:title "Kunstig intelligens - oversikt over prosjekter i offentlig sektor"@nb , "Kunstig intelligens - oversikt over prosjekt i offentleg sektor"@nn , "Artificial intelligence - overview of projects in the public sector"@en ; dct:description "En oversikt over kunstig intelligens-prosjekter i offentlig sektor. Oversikten er ikke komplett."@nb ; "Ei oversikt over kunstig intelligens-prosjekt i offentleg sektor. Oversikta er ikkje komplett"@nn ; "An overview of artificial intelligence projects in the public sector. The overview is not complete."@en ; dct:publisher <https://organization-catalogue.fellesdatakatalog.digdir.no/organizations/991825827> ; dcat:contactPoint [ rdf:type vcard:Organization ; vcard:hasEmail "postmottak@digdir.no" ; vcard:fn "Postmottak Digdir" ; ] ; dct:keyword "kunstig intelligens"@nb , "kunstig intelligens"@nn , "artificial intelligence"@en, "offentlig sektor"@nb , "offentleg sektor"@nn , "public sector"@en ; dcat:theme <http://publications.europa.eu/resource/authority/data-theme/GOVE>, <http://eurovoc.europa.eu/3030> ; dct:spatial <http://publications.europa.eu/resource/authority/country/NOR> ; prov:wasGeneratedBy provno:collectingFromThirdparty ; dct:accessRights <http://publications.europa.eu/resource/authority/access-right/PUBLIC> ; foaf:page <https://data.norge.no/kunstig-intelligens> ; .

Neste steg: Publisere beskrivinga

Når du har laga ei beskriving, kan du setje opp hausting slik at ho blir publisert til Data.norge.no.