Hopp til hovudinnhald

Korleis logge inn på Behandlingsoversikt

For å kunne logge inn på Behandlingsoversikt for din verksemd må du ha tilgang til registreringsløysinga i Felles datakatalog. Les meir på nettsida Ta i bruk Felles datakatalog om korleis du får tilgang til registreringsløysinga.

 

Opna nettsida Publisere i Felles datakatalog og klikk på lenkja «Logg inn for å registrere» til venstre i skjermbiletet:

Bilete som viser kor ein trykkjer for å logge inn på registreringsløysinga.

 

Deretter vel du «Logg inn via ID-porten» til venstre i skjermbiletet. Du kan eventuelt velje “Logg inn via Felles brukerhåndtering” dersom du tidlegare har fått tilgang til å logge inn via denne løysinga. Tilsette i Brønnøysundregistrene og Skatteetaten kan eventuelt logge inn via eigne innloggingsløysingar.

Bilete som viser dei ulike innloggingsalternativa.

 

Når du har logga inn i registreringsløysinga, klikkar du på valet «Behandlingsoversikt».

Bilete som viser oversikt over kva for katalogar som finst for ei verksemd.

Du kjem då inn i Behandlingsoversikten for din verksemd.