Hopp til hovudinnhald

1. Kartlegging

Merk: Verksemda du jobbar for følgjer kanskje Orden i eige hus-rettleiaren og du er ein del av denne prosessen. Dette er ein grundig og nyttig rettleiar for å få oversikt over kva data verksemda har og som ho kan dele med andre. Sjølv om verksemda ikkje har fullført alle stega i rettleiaren, kan de gjerne publisere informasjon om dei datasetta de allereie har kartlagt. Skildringane kan gradvis bli betre og utvida etter kvart som de kjem vidare i arbeidet med Orden i eige hus.

Fyrst og fremst må du vite kva datasett du vil skildre, og informasjon som kan vere nyttig å ha klart for kvart datasett er:

  • Kva tittel på datasettet skal vere.
  • Korleis du tekstleg vil skildre datasettet.
  • Omsetjingar av tittel og skildring, slik at det er tilgjengeleg på bokmål, nynorsk og engelsk.
  • Kva verksemd som eig og gjev ut datasettet og verksemda sitt organisasjonsnummer.
  • Kontaktinformasjon (epost) til dei som er ansvarlege for datasettet.
  • Om datasettet skal tilbydast ope
    • og i så fall, om det er tilgjengeleg via filnedlasting eller API.

Tips: Spørsmål om korvidt datasettet skal tilbydast ope eller vere lukka, og kva for løyve som skal brukast, må ofte vurderast av juristar. Mens de gjer desse avklaringane, kan du framleis publisere all den andre informasjonen. Når de har blitt einige om korvidt datasettet skal vere ope, korleis det skal gjerast tilgjengeleg, og kva for løyve som gjeld, kan du utvide skildringa med denne informasjonen.

Døme på kartlegging: KI-prosjekt i offentleg sektor

Digdir tilbyr eit datasett med oversikt over KI-prosjekt i offentleg sektor. I skildringa av dette datasettet vil vi ha med i alle fall følgjande informasjon: - Tittelen er "Kunstig intelligens - oversikt over prosjekt i offentleg sektor". - Bokmålsbeskrivinga er "Ein oversikt over kunstig intelligens-prosjekt i offentleg sektor. Oversikta er ikkje komplett." - Omsetjing til nynorsk og engelsk legg vi til etterpå. - Utgjevaren er Digitaliseringsdirektoratet, med organisasjonsnummer 991825827. - Dei ansvarlege for datasettet i Digdir kan kontaktast på eposten postmottak@digdir.no - At datasettet kan knytast til temaet "offentleg forvaltning", ved hjelp av ein kode frå ei felles kodeliste. - Korleis dette gjerast viser vi seinare i rettleiinga.

Dette er all informasjonen som trengst for å dekkje dei obligatoriske felta for ei datasettbeskriving. Det er i tillegg eit par andre ting vi ønskjer å ta med for at datasettet skal vere enkelt å finne og ta i bruk for andre:

  • Datasettet har ei eiga nettside: https://data.norge.no/kunstig-intelligens
  • Datasettet er tilgjengeleg som filnedlasting frå Digdir sin Github-side.
  • Datasettet tilbydast/distribuerast som CSV-fil.
  • Datasettet er ope og tilgjengeleg, og lisensiert med CC0 "No Rights Reserved"-lisensen.
  • Innhaldet i datasettet er på bokmål.
  • Datasettet blei gjeve ut 23. februar 2023.
  • Datasettet kan knytast til nøkkelorda "kunstig intelligens" og "offentleg sektor".
  • Datasettet er basert på innsamling av informasjon frå tredjepartar.
Tips: Når vi brukar felles kodar og nøkkelord, blir datasettet enklare å søke opp.