Hopp til hovudinnhald

Infrastruktur

Her finn du informasjon om infrastrukturen Data.norge.no køyrer på. Du finn informasjon om det meste av infrastrukturen i Github-repoet fdk-infra

Kor vert løysinga drifta?

Løysinga vert drifta på Google Cloud Platform, hovudsakleg i tenesten Google Kubernetes Engine.

Vi lagrar alle backupar (dvs diskar og PostgreSQL) i ein Multi-region, som består av medlemsstatar av EU. Det vil seie at backupen er lagra i minimum to av datasentera i høvesvis Polen, Spania, Belgia, Tyskland, Nederland, Italia, Frankrike og Finland til kvar tid, sjølve plasseringa er ikkje permanent.

Køyremiljø

Løysinga er tilgjengeleg i fleire miljø, som kvart har sitt føremål.

Produksjon - det miljøet som inneheld dei offisielle produksjonsdataa som verksemdene leverer. Lenke til produksjons-miljø

Demo - det miljøet som eksterne kan teste løysinga gjennom. Inneheld testdata, i hovudsak frå fiktive verksemder. Nokre av testdataa i demo er kopiar av produksjonsdata, men det meste er heilt fiktive data. Dette miljøet er berre for testføremål og innhaldet kan vere mangelfullt og feilaktig. Eksterne som ønsker å teste registrerings- og/eller hausteløysing i demo kan ta kontakt med oss. Oppgi om du ønsker å teste med ei fiktiv verksemd eller med eiga verksemd. Lenke til demo-miljø

Staging - det interne testmiljøet for utviklingsteamet som jobbar med data.norge.no. Dette miljøet vil opplevast ustabilt, da vi oppdaterer det fleire gonger om dagen og funksjonalitet dermed vil endre seg ofte. Eksterne skal i utgangspunktet ikkje nytte dette miljøet.