API
Det er to forskjellige måtar å søke etter data på Data.norge.no gjennom endepunkt. Dei er basert på kvar sin teknologi. Utover desse tilbyr vi eit oppslags-endepunkt kor ein kan hente ut eiga verksemd sine beskrivingar frå registreringsløysinga.
Søk etter data på Data.norge.no
Søk
Søkemotoren på Data.norge.no byggjer på Elastic search. Denne tenesten søker i tekst i eit avgrensa antal felt og har filtre og anna avansert funksjonalitet som hjelper brukarane med å finne fram.
SPARQL
SPARQL-søket byggjer på rdf-spørrespråket SPARQL, og er det mest avanserte og kraftfulle søket vårt. Brukaren er nøydd til å lage spørringar som følgjer rett syntaks, men vil kunne søke i alle datapunkt som er hausta, ikkje berre førehandsvalgde felt. Endepunket er opent for oppslag, men ein kan ikkje skrive til det.
Les meir om SPARQL-endepunktet.
Hent ut data frå registreringsløysinga.
Catalog View
Verksemder som nyttar registreringsløysinga kan hente ut deira eigne beskrivingar. Førebels er det berre mogleg å hente ut omgrep frå registreringsløysinga. API-et er beskytta med Maskinporten.