Hopp til hovudinnhald

Arkitektur

Her finn du informasjon om den overordna arkitekturen bak data.norge.no.

Rammeverk:

C4

Vi nyttar C4-modellen som rammeverk for å teikne systemet på ulike abstraksjonsnivå med eit konsistent sett av notasjonar.

Diagram

Samanhengen mellom komponentane vert illustrert i følgjande diagram:

Diagram som beskriv samanhengen mellom komponentane på data.norge.no Ein datatilbydar som er tilsett i ei verksemd i offentleg sektor registrerer og deler beskrivingar av data som verksemda forvaltar. Desse kan registrerast i Registrering, ein datakatalog som vert forvalta av data.norge.no, eller gjennom verksemda eller sektoren sin eigen datakatalog.

Registrering nyttar ei identitets- og tilgangsløysing som snakkar med ein ekstern identitetstilbydar (som t.d. ID-porten) for å autorisere brukarar. Registreringsløysinga søker etter data i portal.

Haustaren haustar datasett, omgrep, API-ar, informasjonsmodellar, tenester og hendingar frå datakatalogar automatisk, både lokale og den data.norge.no forvaltar.

Portalen lyttar til datahendingar frå haustaren og tilbyr søk og oversikt over datasett, omgrep, API-ar, informasjonsmodellar, tenester og hendingar.

Metadatakvalitet er ei teneste som måler datasett opp mot ulike indikatorar som er basert på FAIR-prinsippane. Metadatakvalitet lyttar til datahendingar frå haustaren. Portalen får ein datasettkvalitetsscore frå metadatakvalitet.

Ein datakonsument som representerer ei verksemd, ein forsker eller sivilsamfunnet finn, forstår og nyttar data frå offentleg sektor gjennom portalen.

Du kan lese meir om arkitekturen bak data.norge.no på Arkitekturdokumentasjonen på Github (på engelsk)

Tenestene er under stadig utvikling, av den grunn kan detaljane i arkitekturen endre seg over tid.