Tilby data
Tilgangspunktet inneheld ikkje sjølve datasetta og tenestene som skal tilgjengeleggjerast, men berre metadata for desse. Som ein del av metadataa vil ein finne lenkjer til dei underliggjande tenestene og datasetta.
Legg inn metadata
Innlegging av metadata kan skje på to måtar:
- Via automatisk hausting av metadata frå eigen organisasjonsportal Dette passar for organisasjonar som allereie har ein dataportal som listar dei opne tenestene og datasetta deira. Det må reknast med noko integrasjonsarbeid for at tilgangspunktet i Digitaliseringsdirektoratet skal kunne hauste slike data automatisk. Statens vegvesen si teneste på dataut.vegvesen.no er eit døme på ein intern portal med slik integrasjon.
- Via direkte innlegging av metadata via webskjema Her brukar ein registreringsløysinga til Digitaliseringsdirektoratet, men du må ha ei rolle i Altinn som angir at du kan registrere metadata på vegner av organisasjonen din. Dette må setjast opp av nokon i organisasjonen din som har tilgang til å tilordne roller i Altinn. Når du sidan loggar inn i registreringsløysinga blir du først autentisert via IDporten, kvarpå dei eventuelle rollene dine i Altinn blir sjekka. Viss du har roller på vegner av minst éin – evt fleire organisasjonar – får du høve til å velje organisasjonen du vil registrere for og kan gå vidare med registrering.
Registrere datasett
For at du skal kunne registrere datasett og tenester i Transportportal.no gjennom registreringstenesta, må du først ha fått tilordna ei rolle i Altinn som gir tilgang til å registrere data for organisasjonen din. Dette blir sett opp av nokon i organisasjonen din som har tilgang til å tilordne roller i Altinn.
Etter at du har fått tildelt ei rolle i Altinn, kan du gå vidare for å registrere metadata for eitt eller fleire datasett. Du har då òg tilgang til å slette og redigere eigne metadata.
Registrere datasett: Ikkje alle metadata i registreringsløysinga må fyllast ut, men ein del felt er obligatoriske. Det er viktig å skildre datasett godt slik at det blir lettare for utviklarar å vite kva datasettet inneheld og korleis dei kan bruke dataa til å utvikle tenester.
Etter å ha registrert kontaktinformasjon, må tilgangsnivå spesifiserast. Her må det merkast av for offentleg data for at datasetta skal bli tilgjengelege i transportportal.no. Òg for private firma må alle datasett i Transportportal.no vere opne data.
For å registrere datasett under Transportportal.no MÅ du velje nokre bestemte tema. Sjå figur under, kolonne 2. Alle desse høyrer til under hovudtema Transport.
Dersom du merkjer datasettet ditt med eitt av emneorda i kolonne 2 vil du få ei melding om at datasettet vil bli registrert i Transportportal.no. Utviklarar som leitar etter datasett i Transportportal.no vil berre finne dei datasetta som er merkte med eitt av emneorda.
Datasett som naturleg høyrer heime i Transportportal.no blir karakteriserte i 3 hovudtema i samsvar med ITS-direktivet. Desse er:
Mobilitetstilbod: Dette temaet dekkjer datasett innan alle område knytte til kollektivtransport samt nye mobilitetstenester som utleige og bruk av bysykkel, sparkesykkel o.l. Her vil du òg finne datasett om ferjestrekningar, gang- og sykkelvegar, bussfelt o.l.
Trafikkinformasjon: Dette temaet dekkjer datasett på alle område innan veg- og trafikkinformasjon til trafikantar som reiser med kollektivtransport eller individuelle reiser med bil, sykkel, sparkesykkel o.l. Temaet inkluderer til dømes rutetider, sanntidsinformasjon, arbeid på veg/linje samt informasjon om statiske skilt, oppmerkingar, signal og reguleringar.
Veg og vegregulering: Dette temaet dekkjer alle statiske data om vegnett inklusive sykkel- og gangvegar. Her finn du til dømes data om type veg, høgd, breidd, bru, tunnel o.l. Temaet inneheld òg datasett som gir informasjon om reguleringar som vegstengingar, fartsgrenser, omkøyringsruter o.l.
For å lette søket etter datasett kan ein knyte søkeord til kvart datasett. Dette gir utviklarar betre høve til å finne relevante datasett. Det er inga avgrensing på talet på søkeord per datasett. Transportportal.no skal vere ein portal for ei internasjonal brukargruppe så det er viktig å skildre datasetta og dokumentasjon på engelsk. Gjerne då i tillegg til norsk. Det er gitt forklarande informasjon for kvar type metadata. Dersom noko likevel er uklart; ta kontakt på: kontakt@transportportal.no.
Ver merksam på at alle datasett som det er lenkja til i Transportportal.no er opne, og det er ubegrensa tilgang for utviklarar til å laste dei ned og bruke dei i eigne tenester. Eventuelle restriksjonar f.eks. kostnader ved bruk, må dataeigar sjølv informere om og handtere.
Når du legg data i Transportportal.no må ei sjølverklæring om datasetta ein gjer tilgjengeleg fyllast ut. Sjå samsvarserklæring for meir informasjon om dette.
For at flest mogleg skal ta i bruk Transportportal.no er det svært viktig at dataa held ein høg kvalitet og blir haldne oppdaterte
Metadatastandard - DCAT-AP
Felles datakatalog brukar metadatastandarden DCAT-AP-NO, som er kompatibel med den europeiske standarden DCAT-AP. Det betyr at datasettskildringane kan forståast og hentast inn òg til internasjonale datakatalogar. Viss du er i tvil om nokre av felta og ikkje får nok hjelp i registreringsløysinga kan du sjå på skildringa av standarden.
Lisensar
Du må oppgi ein lisens som fortel brukaren kva vilkår som gjeld for bruk av dataa. Dei mest aktuelle lisensane er:
Norsk lisens for offentlege data (NLOD) Creative Commons Namngjeving 4.0 Internasjonal Creative Commons Universal Fristatus-erklæring
Dei to første er svært like (NLOD er gjeldande tilråding frå Difi og mest brukt i Noreg, medan Creative Commons har den fordelen at han er meir kjend internasjonalt).
Den siste lisensen brukar du viss du vil gi avkall på alle rettar til dataa.
Viss du ønskjer å bruke ein annan open lisens, kontakt oss slik at vi kan gjere han tilgjengeleg i registreringsløysinga.
Skildring av datasett
God skildring av datasetta vil gjere det enklare for tenesteutviklarar å finne relevante data. Det er derfor viktig at alle dataeigarar lagar ei utfyllande skildring av innhald og format samt for korleis tenesteutviklarar kan gå fram for å bruke dei i eigne tenester.
Under er det laga eit forslag til mal for kva ei slik skildring bør innehalde av informasjon. Detaljane er sjølvsagt avhengige av typen datasett.
Skildringa blir lagd ut saman med datasettet hos dataeigar, og det blir referert til henne via passande metadatafelt.
1. Generell informasjon om datasettet Her blir datasettet skildra, kva representerer dataa som blir gitt ut, kva oppdateringsfrekvens har dei, datakvalitet, evt. geografisk område som blir dekt, spesielle saker å bemerke om datasettet (f.eks. kostnader for å ta dei i bruk, eventuelle restriksjonar ved bruk. o.l.)
2. Korleis få tak i dataa og eventuelt synleggjere dei på kart. Her blir det gitt ei forklaring på korleis dataa kan lastast ned og brukast, dvs. teknisk brukarrettleiing. Det blir oppgitt kva format som blir brukte, maskinlesbare filer, programmeringsgrensesnitt (APIar), geografisk lokasjonsmetode, eventuelle webgrensesnitt som kan brukast, bestillingar av datasett/statistikk o.l. URL-ar blir lagde inn for tilgang til dataa. Døme kan angjevast om ønskeleg. Det kan òg vere nyttig å vise til standardar og handbøker/retningslinjer om slike finst.
3. Korleis bruke dataa. Her blir det gitt ei rettleiing på korleis brukaren kan bruke dataa. Òg eventuelle krav til å halde dataa oppdaterte i eigne tenester, gi referanse til dataeigar, ikkje misbruke dataa eller vidareselje dei, om det er restriksjonar om det, o.l.
4. Korleis gi tilbakemeldingar Det kan vere formålstenleg å la brukarar få høve til å gi tilbakemelding på datasettet eller tilgangen til dei. Informasjon om svartida o.l. kan vere nyttig informasjon. Legg ved kontaktinformasjon, helst i form av ei felles e-postkasse for hjelp