Nyheiter
Video om nasjonale tilgangspunkt
Det internasjonale prosjektet NAPCORE - National Access Point Cooperation ORganisation for Europe har laga ein videosnutt om kva nasjonale tilgangspunkt er og kvifor vi har det. Sjå filmen under!
Revidert ITS-direktiv vedteke i EU 23. oktober 2023!
Nesten to år etter at Kommisjonen la fram forslag til revidert ITS-direktiv blei ein ny versjon vedteken av Rådet 23. oktober. Hovudmålet med det reviderte direktivet er å ta omsyn til teknologisk utvikling dei siste 13 åra, som automatisert mobilitet og multimodal transport.
Det har òg som mål å få fortgang på tilgjengeleggjeringa og forbetre interoperabiliteten til dataa og ITS-tenestene. Dette utgjer ein del av grunnmuren som skal til for at køyretøy og veginfrastruktur skal kunne kommunisere med kvarandre, til dømes for å varsle om uventa hendingar.
Direktivet utvidar omfanget til å dekkje nye tenester som multimodal informasjon, billett- og bestillingstenester, kommunikasjon mellom køyretøy og infrastruktur og automatisert mobilitet.
Det set òg krav til digitalisering av viktig informasjon som fartsgrenser, vegarbeid og multimodale knutepunkt og levering av viktige tenester. Fordelane for reisande vil mellom anna vere betre tilgang til sanntidsinformasjon.
Direktivet held på rammekarakteren til ITS-direktivet frå 2010 med tilhøyrande delegerte rettsakter. Det reviderte direktivet inneheld derfor eit arbeidsprogram som dekkjer minst dei neste 5 åra. Det inneheld òg føresegner om kva vegnett det blir kravd data frå.
Nødvendige typar data, inkludert tilgangsbegrensningar for tunnelar og bruer, fartsgrenser, trafikkstyringsplanar, permanente atkomstbegrensningar, vegstengingar, vegarbeid, mellombelse trafikkstyringstiltak, samt dei kritiske tenestene, som sikkerheitsrelaterte trafikkinformasjonstenester er angitt i vedlegga til det nye direktivet. Slike opplysningar skal gjerast tilgjengeleg i heile unionen.
Etter det formelle vedtaket i rådet vil det nye direktivet bli publisert i EUs offisielle tidsskrift og tre i kraft den tjuande dagen etter denne publiseringa. Dette vil skje i løpet av dei komande vekene. Medlemslanda vil ha 24 månader etter ikraftsetjinga av det nye direktivet til å overhalde føresegnene i det.
I Noreg vil direktivet følgje normal prosedyre for innlemming i EØS-avtalen og norsk regelverk.
Fullstendig pressemelding frå Rådet kan lesast her.
18/06-2021: Vi er på veg mot ein samla mobilitetsmarknad - både i Noreg og i Europa
Vi ser spente mot framtida. Kven veit om persontransport stort sett vil gå på skinner, på veg, i lufta, i lufttette rør eller noko heilt anna. Det vi veit heilt sikkert er at vi framleis vil bevege oss, at det må vere berekraftig, og at vi treng god, digital infrastruktur for å få det til.
Som ein del av EUs ITS-direktiv, blir derfor alle vi som driv persontransportselskap og selskap i tilknyting til samferdsla i Noreg, pålagde å levere veg- og transportdata til eit nasjonalt tilgangspunkt for samferdselsdata i Noreg. Data skal samlast og foredlast av Entur og Statens vegvesen gjennom det nasjonale aksesspunktet Transportportal.no, basert på standardar fastsette av Jernbanedirektoratet og Statens vegvesen.
I dette arbeidet skal vi saman etablere standardar for data som skal tilgjengeleggjerast og delast ope. Dette gjer det mogleg for alle aktørar innan samferdsel, tilsluttande sektorar og private selskap som arbeider med utvikling av nye digitale reiserelaterte produkt, å hente opp verdifull informasjon om reiseruter, reisemønster og behovsendringar både i sanntid og i eit framtidsperspektiv. Tenk kva det kan bidra til av auka verdi for det enkelte selskapet, i form av optimalisering av eiga drift, og for regionar og område i form av auka tilgjengelegheit for tilreisande.
Føremålet til ITS er å oppnå samanhengande og interoperable tenester i eit robust og velfungerande digitalt økosystem for heile Europa. For sluttbrukarar, både nasjonalt og til og i Europa, vil det bli enklare å velje berekraftig mobilitet. Saman bidreg vi derfor i dette arbeidet til ei grønare framtid for alle. Det opnar seg òg fleire reise- og produktutviklingsmoglegheiter for sluttbrukarar, aktørar og næringsliv. Stader som kanskje ikkje var så tilgjengelege før, kan no bli enklare å komme seg til. Og for sektoren oppnår vi betre utnytting av ressursar og opnar eit moglegheitsrom for utvinning av nye produkt og tenester.
No byrjar ein aktiv fase med innhenting av informasjon og data. Det vil komme eit informasjonsskriv frå Statens vegvesen og Jernbanedirektoratet, som fortel meir om korleis dette rører di bedrift i løpet av kort tid.
Arbeidet blir delt inn i følgjande arbeidsstraumar:
- Stoppestads-, rute- og sanntidsdata for all rutegåande transport, inkl. fleksibel transport
- Mikromobilitet (f.eks. elsparkesyklar og bysyklar), bildeling, bybilar o.l.
- Taxi og liknande bestillingstransport
- Bilutleige o.l.
- Parkering
- Energistasjonar, dvs. bensinstasjonar, ladestasjonar o.l.
- Samkøyring
- Andre som samlar inn relevante data
Er du interessert i meir informasjon eller å bli involvert i arbeidet, send ein e-post til kontakt@transportportal.no.
Vi kjem lenger saman!