Hopp til hovudinnhald

ITS-direktiv og forordningar

EUs ITS-direktiv 2010/40/EU er ein sentral del av EUs arbeid for å fremje intelligente transportsystem (ITS). Direktivet pålegg EUs medlemsland, samt Noreg gjennom EØS-avtalen, å etablere eit nasjonalt tilgangspunkt (NAP) for veg- og transportdata. Føremålet er å sikre samanhengande og interoperable transporttenester på tvers av Europa.

I Noreg er ITS-direktivet implementert gjennom ITS-lova, og det er utfyllande detaljar fastsette i spesifikke EU-forordningar, som er gjort gjeldande som forskrifter i norsk rett. Desse forordningane regulerer krava til tilgjengeleggjering av ulike typar transportdata:

  • Forordning 885/2013 handlar om informasjonstenester for sikker parkering av lastebilar og nyttekøyretøy. Status i Noreg: Inga offisiell teneste er implementert førebels.

  • Forordning 886/2013 gjeld tilgjengeleggjering av sikkerheitsrelatert trafikkinformasjon. Hensikta er å auke trafikktryggleiken ved å gjere slik informasjon lett tilgjengeleg for alle aktørar. Meir informasjon om forordninga finst her.

  • Forordning 962/2015 omfattar tilgjengeleggjering av sanntids trafikkinformasjon. Denne informasjonen bidreg til å forbetre reiseopplevinga og optimalisere trafikkflyten. Forordninga blei oppdatert med nye krav i EU-forordning 2022/670. Denne er pr slutten av 2024 førebels ikkje teken inn i EØS-avtalen, men dette vil bli gjort i løpet av kort tid. Meir informasjon om revidert forordning finst her.

  • Forordning 1926/2017 regulerer multimodale reiseinformasjonstenester. Målet er å tilby reisande enkel tilgang til informasjon om kombinerte transportalternativ på tvers av transportformer. Kommisjonen vedtok oppdaterte krav gjennom forordning EU 2024/490, men denne er førebels ikkje teken inn i EØS-avtalen. Meir informasjon om den reviderte forordninga finn her.

Transportportal.no fungerer som Noregs nasjonale tilgangspunkt (NAP) og er ei viktig plattform for å oppfylle krava i ITS-direktivet. Gjennom tilgangspunktet kan transportdata frå ulike aktørar samlast, standardiserast og gjerast tilgjengeleg for vidare bruk i innovative og brukarvennlege tenester. Dette bidreg til auka datadeling, samarbeid og utvikling av smarte transportløysingar på nasjonalt og internasjonalt nivå.

Det reviderte ITS-direktivet (2023/2661), som blei vedteke i 2023, har som mål å modernisere og utvide rammene for ITS i Europa. Direktivet er førebels ikkje teke inn i EØS-avtalen, men det ventast endringar og konsekvensar som mellom anna inkluderer:

  1. Utvida omfang: Direktivet dekkjer no fleire typar mobilitetstenester, inkludert delte og automatiserte transporttenester. Det blir lagt større vekt på berekraftige transportformer og klimavennlege løysingar.
  2. Forsterka krav til datatilgang: Det blir innført strengare krav til tilgjengeleggjering av data gjennom nasjonale tilgangspunkt, med vekt på interoperabilitet og standardisering.
  3. Tidsfristar og implementering: Nye fristar for tilgjengeleggjering av spesifikke datasett er innførte for medlemslanda. Noreg må vurdere nødvendige tilpassingar for å oppfylle desse fristane gjennom ITS-lova og relaterte forskrifter.
  4. Styrking av datakvalitet og overvaking: Direktivet krev betre overvaking og rapportering av datakvalitet for å sikre at dataa som blir delte via NAP er nøyaktige, oppdaterte og pålitelege.

Illustrasjon av Transportportal.no som nasjonalt tilgangspunkt

Samandrag av innhald i revidert ITS-direktiv

ITS-direktivet (2010/40/EU) har etablert eit rammeverk for implementering av intelligente transportsystem (ITS) innanfor vegsektoren, med grenseflater mot andre transportformer. Sidan det blei vedteke i 2010, har dette regelverket vore EUs verktøy for å sikre koordinerte ITS-tenester i heile EU, basert på europeiske spesifikasjonar og standardar. Intelligente transportsystem kan bidra til å forenkle planlegginga av reiser, mindre kø, reduserte utslepp, færre ulykker og spart reisetid.

Etter vedtaket av fem forordningar i perioden 2013-2017, blei ei evaluering av direktivet publisert 9. oktober 2019. Evalueringa stadfesta relevansen av direktivet, men framheva at det framleis ikkje bidrog fullt ut til å forbetre vegtransportsystemet. Utrulling av ITS-tenester var framleis avgrensa geografisk og ikkje samanhengande. Område som oppkopla, samverkande og automatisert mobilitet, cybertryggleik og personvern for ITS burde få ytterlegare merksemd, saman med ITS i byområde, godstransport og offentleg transport. EU-strategien for berekraftig og smart mobilitet som blei publisert 9. desember 2020, nemner digitalisering som ein uunnverleg drivar for modernisering. ITS har tydelege roller i mange av tiltaka som inngår. Kommisjonens forslag til revidert ITS-direktiv blei lagt fram 14. desember 2021 og refererer til denne strategien. Forslaget var støtta av ei konsekvensutgreiing godkjend med kommentarar av EUs regelråd.

Endringsdirektivet (EU) 2023/2661 som blei vedteke 22. november 2023, har som føremål å tilpasse reglane til ny teknologisk utvikling slik som samverkande, oppkopla og automatisert mobilitet (CCAM - cooperative, connected and automated mobility), bestillingstenester og multimodal transport. Det har òg til hensikt å auke tilgjengelegheita og forbetre interoperabiliteten til digitale data som er grunnlaget for ITS-tenester som multimodale reiseplanleggjarar og navigasjonstenester. Interoperable digitale data lèt mellom anna køyretøy og veginfrastruktur kommunisere med kvarandre, til dømes for å åtvare om uforutsette hendingar som ein kø lenger framme på vegen.

Digitalisering av spesielt viktige datatypar

Endringane inneber krav om å digitalisere utvalde, spesielt viktige datatypar. Tidlegare har det berre vore stilt krav om å gjere data ein allereie har på digitalt maskinlesbart format tilgjengeleg.

Digitalisering inneber å omforme og strukturere underliggjande informasjon som finst til dømes i dokument på papir, i pdf-format eller som blir motteken på telefon, til format som lettare kan mottakast og tolkast av datamaskiner (maskinlesbare format).

Digitalisering og tilgjengeleggjering blir kravd når den underliggjande informasjonen allereie eksisterer hos rett myndigheit, uavhengig av formatet eller mediet han finst i. Det blir likevel ikkje kravd at ein set opp sensorutstyr eller gjer tiltak for å skaffe heilt ny informasjon. Dataa som er digitaliserte skal framleis gjerast tilgjengelege i det nasjonale tilgangspunktet (National Access Point - NAP) på digitalt maskinlesbart format, som før.

Datatypane som blir omfatta av nye krav, er knytte til trafikkinformasjon og navigasjonstenester, data for sikker parkering av lastebilar og nyttekøyretøy, data for ei obligatorisk sikkerheitsrelatert trafikkinformasjonsteneste, og statiske datatypar for multimodale reiseinformasjonstenester. Det blir definert geografiske verkeområde der data må gjerast tilgjengeleg på maskinlesbart format med definerte fristar i perioden 2025-2028. Dei geografiske verkeområda spenner frå berre kjernenettet i det trans-europeiske transportnettet (TEN-T), via heile TEN-T, berre hovudvegar og bysentra, og til heile transportnettet, avhengig av datatype.

Utvalde, spesielt viktige data for trafikkinformasjon og navigasjonstenester (RTTI - real time traffic information) omfattar trafikkreguleringar og tilstand på vegnettet, nærare bestemt vilkår for innkøyring i tunnelar og på bruer, fartsgrenser, vekt/lengd/breidd/høgdebegrensningar, einvegskøyringar, trafikkplanar, permanente atkomstbegrensningar, sonereguleringar, vegstengingar, vegarbeid og mellombelse trafikkstyringstiltak. For trygg og sikker parkering av lastebilar og nyttekøyretøy (SSTP - safe and secure truck parking) blir data om tryggleik og utrusting på parkeringsområda omfatta samt data om tilgjengelegheit i form av ledige parkeringsplassar. Dei åtte datatypane som blir omfatta av forordninga om minimum generell trafikktryggleiksinformasjon (SRTI - safety related traffic information), blir alle rekna som spesielt viktige, medan spesielt viktige data for multimodale reiseinformasjonstenester (MMTIS - multimodal travel information service) omfattar plassering og tilgjengelegheit for overgangar mellom rutegåande transportmiddel, inkludert til dømes heisar og rulletrapper.

Direktivet fastset tidsfristar for når ny underliggjande informasjon blir kravd digitalisert og tilgjengeleggjort for alle dei definerte datatypane. For nokre av dei statiske datatypane blir det òg sett seinare tidsfristar for å digitalisere og tilgjengeleggjere eksisterande informasjon.

Kommisjonen får høve til å fastsetje resterande tidsfristar for statiske data og definere nye datatypar som spesielt viktige etter ein kostnads-nytteanalyse og konsultasjonar med interessentane.

Obligatorisk teneste for sikkerheitsrelatert trafikkinformasjon

Direktivet stiller krav til medlemsstatane om å etablere ei obligatorisk teneste for sikkerheitsrelatert trafikkinformasjon innan utgangen av 2026 på det trans-europeiske vegnettet (TEN-T) innan sitt geografiske område. Denne tenesta skal kunne informere sjåføren om t.d. ulykker eller hindringar på vegen som påverkar trafikktryggleiken. Direktivet gir ikkje heimel til å krevje andre obligatoriske tenester utan ein ny revisjon.

Sentralisert tillitsmodell for sikker meldingsutveksling

Direktivet gir nokre rammer for sikker utveksling av meldingar for samverkande ITS (C-ITS Cooperative Intelligent Transport Systems). C-ITS inneber utveksling av meldingar mellom brukarar som ikkje har kjennskap til kvarandre frå før. EU har oppretta ein sentralisert tillitsmodell (EU C-ITS security credential management system, CCMS) for handtering av digitale sertifikat i C-ITS. Kvart land blir venta å bli ansvarleg for å kople seg til denne tillitsmodellen ved oppretting av eigne sertifikatutstedarar for å sikre interoperabilitet og harmonisert bruk av sertifikat på tvers av Europa.

Kommisjonen får myndigheit til å setje i verk augeblikkeleg gjeldande, mellombelse rettsakter i krisesituasjonar, noko som spesielt er relevant for den sentrale tillitsmodellen.

Teknologinøytralitet er ført opp som eit prinsipp ved utarbeiding av framtidige spesifikasjonar. Dette blir venta å ha spesiell betydning for den vidare utviklinga av C-ITS-tenester.

Nye forordningar på prioriterte område

Det reviderte direktivet er framleis eit rammedirektiv. Det gir EU-kommisjonen rett til å vedta nye spesifikasjonar som delegerte forordningar innanfor desse fire områda:

  1. ITS-tenester for informasjon og mobilitet (multimodale digitale mobilitetstenester, vegtrafikkinformasjon og navigasjonstenester)
  2. ITS-tenester for reise, transport og trafikkstyring (hendingshandtering, offentleg transport, arkitekturrammeverk og godstransport)
  3. ITS-tenester for veg- og trafikktryggleik (eCall, trygg og sikker parkering for lastebilar og nyttekøyretøy, sikkerheitsrelatert trafikkinformasjon og nødvendige spesifikasjonar som fell utanfor godkjenningsregelverket for køyretøy)
  4. ITS-tenester for samverkande, oppkopla og automatisert mobilitet (CCAM og C-ITS) Konkrete tiltak for revidering av eksisterande forordningar, eventuelle nye forordningar og oppdateringar av obligatoriske datatypar, skal skildrast i eit arbeidsprogram som blir vedteke av EU- kommisjonen i ei gjennomføringsrettsakt i desember 2024.

Direktivet pålegg tett samarbeid mellom landa i Europa når det gjeld utvikling og bruk av spesifikasjonar og standardar innanfor dei prioriterte områda.

Plikter for private aktørar

Private aktørar blir pålagde plikter i det reviderte direktivet i den grad dei er involverte i verdikjedene for spesielt viktige datatypar, i den obligatoriske SRTI-tenesta eller i framtidige forordningar som blir heimla i direktivet. Både offentlege og private aktørar kan reknast som tenesteleverandørar for ITS- tenester. Høvet til å kravstille privat sektor blir nemnt eksplisitt når det gjeld datainnsamling for multimodale digitale mobilitetstenester, vegtrafikkinformasjon og navigasjonstenester.

Forordningane som er vedtekne under det gamle direktivet 2010/40/EU inneheld òg krav til private.

Rapportering

Det reviderte direktivet inneber framleis rapporteringsforpliktingar for Noreg, gjennom krav om innlevering av ein rapport om framskritt på ITS-området og KPIar (nøkkelindikatorar - Key Performance Indicators) kvart tredje år, med oppstart i 2025. Mykje tyder på at det vil bli obligatorisk å rapportere på KPIane, og at det vil bli laga fleire nye indikatorar. Fram til alle dei underliggjande forordningane under det opphavlege ITS-direktivet er oppdaterte, vil desse ha krav om rapportering på eigne datoar.

Konsekvensar av revidert ITS-direktiv for Noreg

Det reviderte ITS-direktivet vil ha fleire betydelege konsekvensar for Noreg. Transportportal.no må til dømes utvidast til å inkludere nye datasett. Eksisterande forskrifter må òg reviderast for å reflektere dei nye krava i direktivet. Spesielt gjeld dette utvidinga av datakategoriar som må vere tilgjengelege, samt strengare krav til kvalitet og oppdatering av dataa. Dette vil krevje juridiske og administrative tilpassingar for å sikre at Noregs regelverk samsvarar med dei europeiske krava. Vidare vil implementeringa av direktivet krevje auka samarbeid mellom offentlege og private aktørar, inkludert transportoperatørar, infrastrukturforvaltarar og dataleverandørar. Dette er nødvendig for å samle inn og dele data om delte mobilitetstenester, ladeinfrastruktur for elbilar og andre relevante område. Samarbeidet vil vere avgjerande for å oppfylle krava til tilgjengeleggjering og kvalitet.