Hopp til hovudinnhald

Roller og ansvar

Statens vegvesen

Statens vegvesen har nasjonalt mandat som forvaltar av tilgangspunktet, og har ansvar for realisering, bruk og forvaltning av løysinga. Statens vegvesen har dessutan ansvar for support og andre spørsmål knytte til portalen. Sjå kontaktinformasjon nedst på alle hjelpesidene.

Frå 1.1.2020 vil fylka ha ansvar for å levere veg- og transportdata til Statens vegvesen. Statens vegvesen legg metadata om datasetta i Transportportal.no.

Entur

Entur er eit statleg eigd selskap som gjer det enklare å velje kollektivreiser ved at dei samlar alle kollektivreiser på éin stad. Det gjer dei ved å samle inn og foredle data frå offentlege og private kollektivaktørar i landet. Entur gjer desse dataa òg tilgjengelege for andre. Entur utviklar og driftar ein nøytral, nasjonal reiseplanleggjar, og tilbyr fellesløysingar for rute- og reiseinformasjon i tillegg til sals-, billetterings- og avrekningsløysingar for kollektivsektoren.

Digitaliseringsdirektoratet

Transportportal.no inngår som ein del av «Felles datakatalog for Norge».

Jernbanedirektoratet

Jernbanedirektoratet har oppgåva som nasjonal tilsynsmakt for forordning 1926/2017 om multimodale reiseinformasjonstenester.

Vegtilsynet

Vegtilsynet har oppgåva som nasjonal tilsynsmakt for forordning 886/2013 om tilgjengeleggjering av sikkerheitsrelatert trafikkinformasjon og forordning 962/2015 om tilgjengeleggjering av sanntids trafikkinformasjon.

Logoar for Statens vegvesen, Entur, Digitaliseringsdirektoratet, Jernbanedirektoratet og Vegtilsynet