Omgrepskatalogen
Føremålet med Omgrepskatalogen er å gjere dataa meir forståelege. Like omgrep kan brukast på ulike måtar i forskjellige kontekstar. Difor er det viktig med skildringar av omgrep, slik at ein unngår misforståingar og feilaktig bruk av data. Alle omgrep som er publiserte i Omgrepskatalogen har ein tilhøyrande definisjon som forklarar kva omgrepet tyder.
Ønskjer du å søkje i Omgreps-katalogen?
Finn omgrep →Kva informasjon finn eg i Omgrepskatalogen?
Alle omgrep som er publiserte i Omgrepskatalogen følgjer Forvaltningsstandard for beskriving av omgrep (SKOS-AP-NO-Begrep).
Nedanfor er det oppgitt kva du kan få informasjon om:
- Definisjon
- Gyldigheit
- Tillate og frårådde termar
- Fag- og bruksområde
- Identifikator
- Kontaktinformasjon
Samanlikne omgrep
Det er mogleg å samanlikne fleire omgrep ved sida av kvarandre. Verktøyet gjer det lettare å finne det omgrepet som er best eigna.
Relasjon til andre katalogar
Dei ulike datakatalogane i Felles datakatalog kan brukast kvar for seg, men fleire av dei har ein logisk samanheng, og kan difor sjåast i samanheng med kvarandre. Her er det skildra kva relasjon dei andre katalogane har med Omgrepskatalogen.
Datasettkatalogen
Datasett kan ha relasjon til eitt eller fleire omgrep. Når du har valt eit bestemt datasett, kan du i menyen velje «Omgrep brukte i datasettet». Her får du ei skildring av omgrepet ved å klikke på det som er understreka (som vist i biletet nedanfor).
Informasjonsmodellkatalogen
Informasjonsmodellar kan refererer til omgrep. Du kan lese meir om informasjonsmodellar på sida om rammeverk for informasjonsforvaltning (digdir.no). I biletet nedanfor ser du at omgrep er definerte og har ein relasjon til informasjonsmodellen.