Datasettkatalogen
Formålet med Datasettkatalogen er å gi ei oversikt over kva slags datasett som finst hos verksemdene som publiserer i portalen, slik at de på ein effektiv måte kan finne dataa de leitar etter.
Ønskjer du å søkje i Datasett-katalogen?
Finn datasett →Kva slags informasjon får eg?
Alle datasett som er publiserte i Datasettkatalogen følgjer Standard for beskriving av datasett, datatenester og datakatalogar (DCAT-AP-NO). Spesifikasjonen gjer det enklare å finne datasett etter tematiske område, vurdere datakvalitet, og finne ut kven som eig data.
Nedanfor er det oppgitt kva du kan få informasjon om:
- Kven som eig datasettet
- Tittel på datasettet
- Formålet med datasettet
- Sentrale opplysningar i datasettet
- Tema
- Geografisk omfang
- Oppdateringsfrekvens
- Tilgangsrettar
- Språk
- Kontaktpunkt
- Relasjon til anna datasett
- Omgrep
- Distribusjonar
Relasjon til andre datakatalogar
Dei ulike datakatalogane i Felles datakatalog kan brukast kvar for seg, men fleire av dei har ein logisk samanheng, og kan difor sjåast i samanheng med kvarandre. Her er det skildra kva relasjon dei andre katalogane har med Datasettkatalogen.
Datasettkatalogen
Datasettet kan ha relasjon til eitt eller fleire datasett. Det betyr at opplysningstypar som inngår i datasettet, også kan finnast i andre datasett i Felles datakatalog. Dersom det er tilfelle, kan du finne ut av det ved å bla nedover i datasettet eller ved å sjå på menyen i smulestien.
Begrepskatalogen
Datasettet kan ha relasjon til omgrep i Omgrepskatalogen. Omgrep tyder opplysningstypar der meiningsinnhaldet er skildra ved hjelp av ein definisjon. Dersom omgrep i datasettet er knytte til Omgrepsgrepskatalogen, kan du finne desse i smulestien eller ved å bla nedover i datasettet.
API-katalogen
Det er også fleire av datasetta som kan nåast gjennom eit API. Dersom det er tilfelle, er det oppgitt relasjon til datateneste under «Distribusjonar og datatenester».
Informasjonsmodellkatalogen
Datasettet kan ha relasjon til ein eller fleire informasjonsmodellar. Det betyr at du kan sjå korleis dataene i datasettet er strukturert.
Inspirasjon for dei som ønskjer å gjere datasett tilgjengeleg
Her kan du lese meir om kva eit datasett er.
Les om korleis Brønnøysundregistrene har sett saman datasett.
Finn ut korleis du kan gjere datasett tilgjengeleg.
Døme på bruk
Visste du at datasett kan bli brukt om att til nye, spennande føremål? I Datalandsbyen finst det mange døme på korleis opne datasett blir brukt til å utvikle nye og smarte applikasjonar.