Informasjonsmodellkatalogen
Kva informasjon kan eg finne i Informasjonsmodellkatalogen?
Alle informasjonsmodellar som er publiserte i Informasjonsmodellkatalogen følgjer Spesifikasjon for beskriving av informasjonsmodellar (ModellDCAT-AP-NO).
Nedanfor er det oppgitt kva du kan få informasjon om:
- Skildring av modellen
- Bruk av modellen
- Informasjonsmodell og formata til denne
- Identifikatorar
- Andre ressursar som er knytte til informasjonsmodellen (andre datatenester)
- Kven som er ansvarleg for informasjonsmodellen
Relasjon til andre katalogar
Dei ulike datakatalogane i Felles datakatalog kan brukast kvar for seg, men fleire av dei har ein logisk samanheng, og kan difor sjåast i samanheng med kvarandre. Her er det skildra kva relasjon dei andre katalogane har med Informasjonsmodellkatalogen.
API-katalogen
Informasjonsmodellar kan ha relasjon til API i API-katalogen. Det betyr at korleis API-et er strukturert kan beskrivast med ein informasjonsmodell.
Omgrepskatalogen
Informasjonsmodellar kan ha relasjon til omgrep i Omgrepskatalogen. Eit omgrep kan bli representert ved hjelp av ein informasjonsmodell. Frå informasjonsmodell kan det også koplast til omgrep som er viktig for å forstå modellen.
Rettleiing og inspirasjon
Rettleiar for informasjonsmodellar
Rettleiaren skal hjelpe verksemdene i offentleg forvaltning med å skildre informasjonsmodellane sine i tråd med Spesifikasjonen for skildring av informasjonsmodellar (ModellDCAT-AP-NO) og gjere dei tilgjengelege i Felles datakatalog.