Hopp til hovudinnhald

API-katalogen

API-katalogen i Felles datakatalog sikrar enkel tilgang til distribuerte data. Gjennom API-katalogen kan ein hente ut maskinlesbare opplysningar om alle adressene (URL-ar) som iverkset eit spesifikt API. API-katalogen inneheld ei oversikt over skildringar av grensesnitta til data og standardar som verksemder har gjort tilgjengelege. Tilgjengelege API-ar er nødvendige for å oppnå effektiv utnytting av data og gir betre kvalitet for tenester.

Informasjon

Ønskjer du å søkje i API-katalogen?

Finn API →

Kva informasjon finn eg i API-katalogen?

Alle API-ane som er publiserte i API-katalogen følgjer Standard for beskriving av datasett, datatenester og datakatalogar (DCAT-AP-NO).

Nedanfor er det oppgitt kva du kan få informasjon om:

  • Skildring av API-et
  • Format du kan få API-et i
  • Skildring av korleis du kan ta i bruk datatenesta
  • Tilknytte datasett-skildringar
  • Kontaktinformasjon til eigar av API

Relasjon til andre katalogar

Dei ulike datakatalogane i Felles datakatalog kan brukast kvar for seg, men fleire av dei har ein logisk samanheng, og kan difor sjåast i samanheng med kvarandre. Her er det skildra kva relasjon dei andre katalogane har med API-katalogen.

Datasettkatalogen

Eit API kan ha relasjon til eitt eller fleire datasett. Det betyr at datasett(a) kan nåast gjennom API-et dersom datasett er oppgitt.

Informasjonsmodellkatalogen

Informasjonsmodellen kan vere oppgitt i API-skildringa. Det betyr at du kan sjå korleis datatenesta er strukturert.

Rettleiing og inspirasjon

Korleis skal eg dokumentere datatenester/API