Hopp til hovedinnhold
Nasjonalbiblioteket

Ph.D-disputas på norsk teiknspråk

Beskrivelse

Dette er eit opptak frå ein disputas for graden Ph.D. Cand. polit. Hilde Haualand ved Sosialantropologisk institutt forsvarte avhandlinga si for graden Ph.D: “Interpreting Ideals and Relaying Rights - A Comparative Study of Video Interpreting Services in Norway, Sweden and the United States”. Disputasen er på norsk teiknspråk (NSL) og blir tolka til engelsk talespråk. Hilde Haualand er den fyrste døve som har disputert for doktorgraden ved eit norsk universitet, og som forsvarte avhandlinga si på norsk teiknspråk.

Opptaket er delt opp i to filer som syner disputasen frå ulike vinklar. I hilde.ogg er kamera i all hovudsak på doktoranden, i tolk.ogg er kamera i all hovudsak på NSL-tolkane. Fila tolk.ogg inneheld heile disputasen, medan hilde.ogg berre inneheld andre delen av seremonien. Legg merkje til at lydkvaliteten er ganske dårleg i delar av opptaket. Nokre få plassar er biletet fjerna av personvernomsyn.

Medverkande som er synlege eller som ein høyrer i opptaket:

  • Doktoranden, Hilde Haualand
  • Leiar av disputasen, Professor Ingjerd Hoëm
  • Fyrsteopponent, Professor Christina Garsten
  • Andreopponent, Professor emeritus Stuart Blume
  • Rettleiar, Professor Halvard Vike
  • Tolkar, Marianne Michelet, Vibeke Bø, Guri Amundsen og Torill Ringsø
  • Skrivetolkar, Janne Skovgaard Bjotveit og Henning Rodtwitt.

Opptaket er i det opne formatet ogg/theora og kan til dømes opnast i VLC eller Firefox/Chrome.

All bruk utover nedlasting til eige påsyn skal klarerast med Hilde Haualand (hilde.haualand[at]oslomet.no).

Distribusjoner
1

Last ned
Beskrivelse:
Ikke oppgitt
TilgangsURL:
https://hdl.handle.net/21.11146/37
Direkte nedlastning:
API:
Ikke oppgitt
Dokumentasjon:
Ikke oppgitt
Lisens:
Ikke oppgitt
I samsvar med:
Ikke oppgitt

API-er som tilgjengeliggjør dette datasettet
0

Ingen registrerte API-er tilgjengeliggjør dette datasettet.

Lignende datasett

Norsk ordbank - nynorsk 2005-2012Nasjonalbiblioteket
Allmenn tilgang
ONOMASTICA uttaleleksikon 2Nasjonalbiblioteket
Allmenn tilgang
Omsetjingsminne frå Semantix ASNasjonalbiblioteket
Allmenn tilgang
Grafem-til-fonem-modeller for norskNasjonalbiblioteket
Allmenn tilgang
SCARRIE LeksikonNasjonalbiblioteket
Allmenn tilgang