Hopp til innhold

Difi - Direktoratet for forvaltning og IKT

data.norge.no

Åpne offentlige data i Norge

Søkeskjema

Tekststørrelse A+ A a For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
  • Kontakt oss
  • Om
  • RSS
  • Logg inn
Meny
  • Datasett
  • Apper og tjenester
  • Veiledning
    • Opp ett nivå Til øverste nivå VeiledningTemaside
    • Veileder i tilgjengeliggjøring av offentlige data
    • Retningslinjer
    • Slik registrerer du datasett
    • Standard for beskrivelse av datasett og datakataloger
  • Lisens
  • API
Hjem » Veiledning » Slik registrerer du datasett

Slik registrerer du datasett

Før du startar:

- Data.norge.no er ein datakatalog over opne datasett fra offentleg sektor i Norge. Du skal ikkje laste opp datasett på data.norge.no - kun registrere informasjon om datasett, med lenkjer til data.

- Datasett som du registrerer må ha ein URL som gir tilgang til data eller informasjon om korleis brukarane kan få tak i data.

- Alle datasett i registeret skal ha ein open lisens. Kommunal- og moderniseringsdepartementet anbefalar Norsk lisens for offentlige data (NLOD) og Creative Commons Navngivelse 4.0

- Data.norge.no brukar epostadressa di for å identifisere deg og knyte deg til rett organisasjon Du må ha tilgang til din jobb-epost ved pålogging.

- Når du loggar inn, vil du få tilgang til å redigere alle datasett som tidlegare er registert av din organisasjon. 

Innlogging

Klikk Registrer datasett og deretter Fortsett til innlogging

Vel registreringsmåte «E-post» og oppgi di epostadresse.  Obs: Data.norge.no brukar ditt epostdomene til å knytte deg til rett organisasjon. Bruk derfor jobb-adressa di når du loggar på.

Du mottar no ein epost frå «Felles brukarhandtering for Difi» (brukar@difi.no). Føl instruksen i eposten.

Etter at du har fullført pålogginga, kjem du direkte til skjemaet for registrering av datasett. NB: Kun brukarar med epostdomener som er knytt til ei norsk offentleg verksemd med eige organisasjonsnummer får tilgang til registreringsskjemaet. Data.norge.no sjekkar dette automatisk  

Felt i skjemaet

Webskjemaet består av obligatoriske og valfrie felt. Dei obligatoriske er merka med "*" i skjemaet

Del 1: Om datasettet

FeltnavnBeskrivelseTittel*

Ein beskrivande tittel for datasettet. Organisasjonens sitt navn  treng ikkje være med her. Døme: Heller «Bomstasjoner i Norge»  enn  «Statens vegvesens oversikt over Bomstasjoner i Norge» 

Beskrivelse*

Fritekstfelt for skildring av kva datasettet omhandlar. Det er tillate med lenker i teksten, men prøv å unngå dette. Hugs at det er dedikerte lenkefelt under del 2 og 3 i skjemaet

SpråkHer kan du oppgje kva språk innholdet i datasettet er på. Send oss ein epost (opnedata@difi.no dersom du har datasett på andre språk enn norsk og/eller engelsk, så legg vi dette til i skjemaetTidsperiode

Her kan du oppgi start- og sluttdato for periode som datasettet gjeld for dersom dette er relevant

Oppdateringsfrekvens

Her kan du oppgi kor ofte datasettet vert oppdatert. Dersom oppdateringar vert lagt til som nye datasett,  skal du ikkje fylle inn noko her. La feltet stå tomt om oppdatering ikkje er relevant

Tilgangsnivå *Her oppgir du i kva grad datasettet kan bli gjort tilgjengeleg for alle, utan omsyn til om det er publisert eller ikkje. Bruk "Offentlig" for publiserte data. Andre verdiar i feltet er aktuelle dersom du registrerer ei oppføring for datasett som ikkje er publisert enno.

Kontaktperson: navn og e-post*

Navn og epostadresse for kontaktpunkt for tilbakemeldingar om feil eller spørsmål om datasettet

Organisasjon*

Navnet på din organisasjon eller verksemd. Vel rett navn frå forslagslista

 

Del 2: Lenker til data (distribusjon)

Ein distribusjon  er ein spesifikk måte å gjere eit datasett tilgjengeleg på. Kvart datasett kan være tilgjengeleg på fleire måtar, til dømes i ulike format eller frå ulike endepunkt/nettadresser. Eksempel på distribusjonar kan være ei fil som brukarane kan laste ned, eit API eller ein RSS-straum.

Du kan legge til fleire distribusjonar for eit og samme datasett. NB: Distribusjonar er ulike måtar å gjere det samme innhaldet tilgjengeleg på: om innhaldet ikkje er det same, bør du registrerere dette som eit nytt datasett

For kvar distribusjon inneheld skjemaet fylgjande felt:

FeltnavnBeskrivelseLenke til datasett*Ein URL som gir tilgang til ein distribusjon av datasettet.
Ressursen det vert peika til kan gi informasjon om korleis ein kan få tilgang til i datasettet Type distribusjon*Her angir du korleis datasettet vert distribuert ved å velge mellom tre verdiar: "Webservice", "Nedlastbar fil" og "Informasjonsfeed". Er data tilgjengeleg via eit API, vel du "Webservice". Dersom data er i form av ei nedlastbar fil, vel du dette. "Informasjonsfeed" kan til dømes vere ein RSS-feed. Format*

Vel dataformat for distribusjonen, for eksempel XML, JSON osv. Du kan legge til fleire format dersom distribusjonen er eit API som leverer data i fleire format. Send oss e-post på opnedata@difi.no dersom eit dataformat manglar. 

OBS! Alternativa "API" og "Annet" skal avviklast og må ikkje brukast.

Lisens*Vel kva lisens distribusjonen er gjort tilgjengeleg under. Tilgjengelege val er Norsk lisens for offentlege data (NLOD), Creative Commons navngivelse 4.0 og Creative Commons Zero.NedlastingslenkeDirektelenke (URL) til ei nedlastbar fil i eit gitt format. Dersom dette er einaste URL til datasettet skal du gjenta lenka i feltet "Lenke til datasett"Lenkede skjema

Her kan du lenke til den tekniske beskrivelsen dersom distribusjonen er eit API (for eksempel WSDL eller WADL-lenker) 

TittelNavn på distribusjonen.BeskrivelseKort beskrivelse av distribusjonen. DokumentasjonLenker til dokumentasjon for distribusjonen.

 

Del 3: "Øvrige lenker"

Del tre i skjemaet er lenker som du vurderer som relevante for brukarane av datasettet.

FeltnavnBeskrivelseHjemmeside for datasett

Dette er lenke til ei nettside («landingsside») med ein beskrivelse av datasettet, distribusjonane og anna tilleggsinformasjon om datasettet. Dersom til dømes  brukarane  må gjere aktive val på nettsida for å få tilgang til datasettet), så kan dette feltet brukast. Ettersom «hjemmeside for datasett» er eit valfritt felt, må du også oppgi den same URLen som «Lenke til datasett» (under «lenker til data»), dersom dette er einaste URLen som gir tilgang til data. Døme: hhttp://info.nobil.no/ . 

Andre relevante lenker

Lenker til dokumentasjon, blogg, eller andre nettressursar som har relevans for datasettet 

 

Del 4: Tema og dekningsområde

FeltnavnBeskrivelseTema*Kryss av for eitt eller fleire tema som har mest relevans for datasettet. Maks 3 tema.Emneord

Frie emneord/søkeord som skildrar innhaldet på ein presis måte og som gjer datasettet meir søkbart. Set komma for å legge til fleire emneord

Dekningsområde

Det geografiske området datasettet omfattar. Vel ei administrativ einheit (kommune, fylke, Norge). Set komma for å legge til fleire verdiar

Publisere og lagre utkast

Du kan lagre utkast til ein kvar tid i prosessen. Etter at du har trykt "Lagre" vert katalogposten vist i visningsmodus. Klikk Rediger (til høgre for datasett-overskrifta) for å jobbe vidare i redigeringsmodus. Oversikt over alle datasett (publiserte og lagra utkast) finn du under Min konto. Når du er ferdig klikkar du Publiser

Slik vekslar du frå visningsmodus til redigeringsmodus:

 

Oversikt over eigne datasett - Min konto

Under menypunktet Min konto finn du oversikt over alle datasett som er publisert av di verksemd med direktelenker til redigering. Her finn du også ei oversikt over alle lagra utkast, registrerte applikasjonar, tenester som nyttar verksemnda sine data og kommentarar til verksemda sine datasett. Her finn du også lenker til ulike nyttige RSS-ar. For å komme direkte til min konto ved innlogging klikkar du «Logg inn» i staden for «Registrer datasett».

Legge til beskrivelsar på engelsk

Data.norge har støtte for å legge til engelsk tittel og beskrivelse på ei eksisterende datasettoppføring. Gå til  "Min konto", vel datasett og klikk deretter "Opprett" i kolonna "Engelsk". Du kjem då til redigeringsskjema for å legge inn engelsk tittel og beskrivelse. 

Engelsk tittel og beskrivelse blir ikkje vist på på data.norge.no, men er tilgjengeleg via vårt API. 

Eksportere beskrivelsar til Felles datakatalog

Alle datasettbeskrivelsar på data.norge.no vert automatisk eksportert til Felles datakatalog. Oppdateringsfrekvensen er ein gong i døgeret.

  • Kontakt: opnedata@difi.no
  • Telefon: +47 22 45 10 00
  • E-post: postmottak@difi.no
  • Org.nr: 991 825 827
  • Difis nettsteder
  • Informasjonskapsler og personvern