Åpne offentlige data i Norge
Program og spørjeskjema
Vi ynskjer innspel på programmet og hjelp til å velje dato, slik at flest mogleg får delta og får mest mogleg ut av dagen. Møtet vil ta stad i Oslo og aktuelle datoar finn du i spørjeskjemaet. Om du ynskjer å delta, så set vi pris på om du tek deg nokre få minutt til å svare på spørjeskjemaet.
Tidlegare arrangement
I 2013 arrangerte Difi det fyrste Opne data-forumet, der alle dei største dataforvaltarane med data på data.norge.no vart inviterte til seminar og workshop. Vi fekk då ein presentasjon av arbeidet med opne data og alle fekk anledning til å dele sine erfaringar med arbeidet rundt å opne opp data. Dette var også rundt tida då vi jobba med ny versjon av vår rettleiar om opne data (Del og skap verdiar…) og vi fekk då anledning til å be om innspel til endringar, ris og ros.
I 2014 arrangerte vi på nytt eit Opne data-forum, men då døypt det opp til Datadelingsforum etter at våre to områder innan datadeling, Informasjonsforvaltning og Opne data, vart slege saman til eitt.